Tai chi er rekna som ei form for meditasjon. Meditasjon er for sjamanen ein reiskap til å endre medvits-tilstandar og oppnå healing og supernaturlege evner og krefter.
Når vi høyrer om meditasjon ser vi ofte for oss ein yogi, ein buddhistmunk eller ein taoistmunk som sit i meditasjonspositur i eit tempel. Stille rom og tilbaketrekking er hovudingrediensar.
Tai chi er ein forfriskande kontrast. Støtt i rørsle, flyt, flyr og med nærast eksplosive rørsler er tai chi ei motsett form for meditasjon.
Historia fortel oss at tai chi kjem frå Kina og er ei form for martial arts, den høgt utvikla krigskunsten som kjenneteiknar dei store dynastia der på 1600 talet. Dei formaliserte og utvikla tai chi til ein kunst. Men der finst ei eldre form også i Kina med røter til sjamanisme. Nøkkelorda er støtt fysisk rørsle kombinert med endra medvitstilstandar.
Ang Lee, frå filmen Snikende tiger,skjult drage, 2000
Enno finst restar av ei eldre sjamanisme som verken er kristen eller buddhistisk i fjerne deler av Burma, Kina og Malaysia. Dette systemet for sjølvforsvar kopierer dyr sine rørsler under jakt og i strid.
Under the moonlight, in a village somewhere in the Golden Triangle, the Ka-ren Shaman moved slowly and methodically. He was showing us the movements taught him by his Shaman, which had been passed down through the tribe for generations. The Shaman moved strikingly similar to a Tai Chi master.
Stefan Verstappen; The shamanic origins of tai Chi
Rørslene i dei sjamanistiske restane er meir komplekse og kraftfulle enn den flytande og tilsynelatande meir passive tai chi som vi kjenner den. Desse eldgamle restane av rørsle og meditasjon for endra medvitstilstandar finn vi også i tradisjonen og rituala med å sende unge krigarar ut på ein “Vision Quest” der den unge aspiranten blir sendt ut i naturen etter å ha gått gjennom ein periode med trening. Her må han (somme tider ho) halde ut i isolasjon medan dei fastar og mediterer for å opne opp for syner, ofte i form av eit dyr som avslører sin visdom og sine hemmelegheiter. Og ein får tilgang til rørslene åt dette kraftdyret.
The conditions that induce these (altered) States include such common experiences as isolation, fatigue, hunger, and rhythmic sound and thus are likely to be re-discovered by different generations and cultures. Since these states may be pleasurable, meaningful, and healing, they are likely to be actively sought and methods of inducing them remembered and transmitted across generations.
Roger Valsh; The Spirit of Shamanism
I det klassiske verket åt Mircea Eliade, Shamanism: Archaic Techniques of Ecstasy, 1951 forklarer religionsforskaren frå Romania at sjamanen ofte må gjennomføre eit rituale som vert kalla The Spirit Dance. Desse rituala finst både blant innfødde i Amerika og i kinesiske nedteikningar som er over 4000 år gamle. Under denne dansen bevegar sjamanen seg i ein imitasjon av kraftdyret si ånd for å påkalle krafta åt dyret sitt.
Dyret si ånd tek over sjamanen sin fysiske kropp og fyller den med superkrefter. Det er dette prinsippet vi ser avspegla i martial arts. Å utføre rørslene i tai chi hentar inn ein spirituell energi - Chi.
På same måten som sjamanen blir overteken av kraftdyret sitt, gjev også tai chi tilgang til ei ånd og ein logikk som gjer ein i stand til å arbeide med kraft og energifelt på ein måte som kan verke magisk og uforklarleg.
Tai Chi kan verke som ei stilisert og sivilisert form for å danse sjamanens ånd inn i kroppen.
I Noreg finst det rester av i samisk sjamanisme etter denne formen for kommunikasjon inn i dyr sin draumekropp for å utveksle lærdom.