Barndomens favorittblomst. Ei gul gullgruve – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Barndomens favorittblomst. Ei gul gullgruve

avkok medisinplanter te urter

 

Tepperot  er ei av våre mest fantastiske medisinplanter, og i Norge har den vore brukt i folkemedisinen i uminnelege tider. La oss ikke gløyme denne planten og korleis bruke henne, og pass på å ta med nokre eksemplar til å så vidare

Tepperot trivest i tørre vegkantar, i utkanten av gjødsla mark, på tynn og mager jord.  

 


Potentilla erecta, potens og kraft

Ved menstruasjon, samtidig som den set i gang menstruasjonen.  Til å skylle munnen med, ein sterk antioksidant, lag salve og krem, te og bad med denne gule solstrålen.

Tepperot er eit kraftfullt adaptogen.

Adaptogen gjer kroppen betre i stand til å bearbeide stress,  adaptogena har ein balanserande effekt  på dei ulike systema i kroppen.  Immunforsvareto, nervesystemet, hjarte- karsystemet og det endokrine systemet mellom anna.

Vi har mange av adaptogen vi kan sanke i naturen i i Norge, og det er ein fantastisk veg til å kommunisere med naturen og med kroppen vår.

 

 

 

Tinktur av tepperot

I klostra vart medisinplantene ofte blanda med alkohol til ein tinktur.   Målet er ikkje å bli berusa, men alkoholen fordeler spiriten i planta  Mange nok med sjamanens kropp har måttet gi opp kallet sitt fordi hypersensitive og naturfolk ikke har godt av ildvann)
Om du har eit greitt forhold til alkohol, er dette ein fantastisk måte å konservere og å smaksette og ikke minst å gi kroppen din ein flott medisin

tepperot, smørblomst, potentilla erecta, adaptogen

NB (Mange  med sjamanens kropp har måtta gje opp kallet sitt fordi hypersensitive og naturfolk ikkje har godt av eldvatn, sprit.)

Det er rota som brukast og tepperot er ein av dei plantedelene ein kan plukke her i landet som inneheld mest garvesyre.

Brennevinet får en sitrus-, ingefær og vaniljeliknande smak, litt snerpete på grunn av garvesyra, men svært god. Fargen blir fyrst djupt raud. Den vert litt meir brunleg med tida. 

 

 

Slik lagar du tinkturen:


Grav opp nokre røter, skyll og rens dei godt. Skjær dei i skiver og legg dei på 50 % sprit.  Blir spritprosenten for låg,  vil dei bitre stoffa bli frigjorde og gje tinkturen ein altfor bitter smak.

Rotdelene  kan liggje i opp mot ei veke, før dei silast frå. Drikk tinkturen sterkt fortynna, for eksempel 1:20

Du kan drikke tepperot-tinkturen med ein gong, men den blir betre dess lenger den vert lagra, avdi garvesyra då får verke.

 

 

 

 

 


Eldre post Nyare post