Broccolispirer, rein medisin – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Broccolispirer, rein medisin

broccolispirer medisinplanter spireglass spirer

Om du som meg var ung og radikal på syttitalet, har du kan hende prøvd å spire kveite og mungbønner.  Eg har framleis spirekassa mi frå Helios, men no spirer eg ofte i eit heimelaga spireglas.

broccolispirer

I USA har broccolispirar vore på lista over medisin-mat sidan 90 talet då New York Times publiserte ein artikkel om broccolispirar og kreftførebyggjande eigenskapar.

Broccolispirar ser omtrent ut som alfalfaspirar og smakar lett krydra.

Broccoilspirar inneheld berre halvparten av vitamin A som finst i ferdig broccoli og ein tredel av VIt C, men dei har eit mykje større lager av K vitamin,  Heile 38 mg per kopp ferdige spirar, medan broccoli har berre 0,4 mg.

 

Superspirar

men grunnen til at heile verda no snakkar i helsekrokane om broccolispirar, er avdi dei inneheld glocosinolat som vert omgjort til enzymet myrosinase når vi tygg dei, som igjen vert omdanna til sulforaphane og det er her det skjer, med dette enzymet vert glucosinolat omgjort til antioksidanten isothiocyanate, som forhindrar betennelsestilstandar i tarmen og osydering.

Alt du treng bry deg om er likevel å spire broccolifrøa og å ete dei som salat, krydder, snacks og gjerne med syrna melk.

Forskarar trur nemleg at det er dette kjemikaliet, glucosinolat,  som gjer at broccoli i seg sjølv er assosiert meg lågare risiko for for eksempel kreft.  Og i spirane er konsentrasjonen av dette stoffet heile 30 til 50 ganger større enn i broccoli.

Ei studie frå 2013 publisert i journalen Epigenetics viste for eksempel at sulforaphane frå borccolispirar ga celledød til celler i tarmkreft medan dei lot dei friske cellene forbli friske.

Også andre studiar gjev lovande resultat, men det er uansett som forebyggjande og god mat du skal ete dei.

Detox

 

Broccolispirar rensar respirasjonsorgana. Dette syner ein studie frå Kina i 2014.  219 deltakarar frå sterkt forureina område vart testa med broccolispirar og placebo, og luftborne kjemikaliar var sterkt reduserte hjå dei som fekk bønnespireekstrakt.

Spirane skal også vere betennelsesdempande, så dette kan vere din første nøkkel til å ete superfoods meir regelmessig.

 

 

 


Eldre post