Eple- og ingefær marmelade . Balansere blodsukkeret ditt – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Eple- og ingefær marmelade . Balansere blodsukkeret ditt

detox inflammation sunnhet

Denne enkle marmeladen er god på havregraut, på yoghurt, å ete som den er, og i lag med granola er det ein fin dessert. 

Ingrediensane er ekstremt sterke antioksidantar, dei rensar levera og gir energi, fin hud og styrke.  Dei opner også opp til høgare frekvensar avdi farta på cellne sin kommunikasjon i kroppen aukar.

Ingrediensane eig sterkt healande eigenskapar, og kan viske ut sjukdom og stivna materie. Du merkar det. Du går ned i vekt, søtsuget forsvinn. 

Barn likar denne medisinmarmeladen fordi den er søt.  Å like det søte er naturleg, kroppen vil ha sukker fordi det søte aukar frekvensane.  Å ete sukker frå naturen er healande, men det skal etast separat og helst som det første du gjer om morgonen og deretter vente litt så sukkeret får tid å setje elden i kroppen i sving.  Det er omtrent som å rake liv i glørne i ein omn om morgonen og deretter ta vare på flammen gjennom dagen men ikkje med stadige sukkerkick for å gje energi, og aldri med raffinert sukker.

I austleg meditasjonspraksis som tek omsyn til døgnet og kroppsrytmane, blir det også anbefalt i vaksen alder å ta sukker eller ein liten del konsentrert informasjon via alkohol og tinkturar klokka fem om ettermiddagen.  Dette er avdi kroppen treng ekstra energi i det døgnet går over i skumring og kvile.

Kok opp eple i bitar i lag med masse grovhakka ingefær. La gjerne eplekjernane vere i. La vatn så vidt dekke epla, og la det småkoke medan du ser til blandinga. Til tre eple brukar eg ei tommelstor rot ingefær.  I tillegg har eg i 2  teskeier kanel, pressar i sitronsaft av ein halv sitron og smakar til med honning etter at marmeladen har blitt lunka. Du kan også tilsetje ein knivsodd salt, litt peppar, gjerne fersk, kokosolje og ein stjjerneanis.

Epla skal vere mjuke, og du må gjerne la dei småputre til safta nesten er trekt inn.


Nyare post