Co-dependency og avhengigheit forklart i eit sjamanistisk verdsbilete – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Co-dependency og avhengigheit forklart i eit sjamanistisk verdsbilete

co-dependency frykt healing mindfulness nomade Psykoaktive stoffer samfunn sjamanisme vitenskap og healing

Co dependency betyr at nokon  er med-avhengig.  Ein kan være medavhengig i alkoholisme, medisinbruk, psykisk sjukdom eller vald.  Ein kan også være co- dependent av eigne tilsynelatende vakre gjerningar.  I  sjamanistisk tanke er co -dependency like fullt gale,  Buddhismen kallar det attachment.  Det å vere knytta til ting, menneske og stader.

Men kva så med kjærleiken, spør du kanskje.  I alle fall har eg sjølv ofte tenkt at det å vere ein slags vismann utan forhold til menneske og familie ikkje gjev meining i mitt liv. Er ikkje kjærleiken ein vakker magnet som held menneska samla, i flokk og i parforhold, mellom syskjen og i familiar? Er det feil å vere avhengig av kvarandre?

I austleg tenkjing er målet kjærleik som noko ein eig i hjartet og som ein strøymer ut over alle.

I eit sjamanistisk verdsbilete er dette litt annleis.

Ein set pris på avhengigheita, og ser på den som ei av kjenslene som bitt menneska saman i nettverk. Den er limet i klanen, den er samfunnet og samhandling.

Alt er kjærleik er både sjamanistisk og austleg tenkjing likevel samde om.

I sjamanisme er kjærleik kommunikasjon, kommunikasjon med å forstå kvarandre, med telepati, med alle typar språk og med naturen og dyr.

Mange meditasjonspraksisar prøver å fjerne attachments, det gjer ikkje sjamanismen.

 

Den gode avhengigheita.

Sjamanisme set pris på avhengigheit, kan ein nesten seie,  det gjeld berre å styre den i rett retning, slik at avhengigheita ikkje styrer oss. Det er trygt å kjenne at ein treng andre og at der er menneske ein kan stole på. I dagens samfunn er dette imidlertid vanskeleg, og massemedia og politikk gjer mykje for å få oss  til å tru vi er i samklang medan vi blir skilt ut som brikker i egoisme og frykt.

 

Å bli sameint med alt er og ei avhengigheit

Sjamanistisk behov har heilage gjenstandar, heilage plasser, vi knyter oss til dyr og til tre, til menneske og til rituale.  Kan hende er det ikkje så greitt at vi alle kollektivt misser religionane våre, sjølv om dei har skapt mykje grums.  Vi treng ei felles tru, ein felles visjon for å vere lukkelege og for at stressreseptorane våre får kvile.  Sjå igjen for deg ein klan som har tent bål, sett ut vaktpostar og du kjenner at det er trygt, at nokon er vaken medan du søv. Dette behovet for tryggheit, for å høyre til, er like grunnleggjande i oss menneske som "kjemp eller flykt" genet eller amfibiehjernen som det vert kalla.

Sidan menneske er fødde med eit hormonelt system som skaper attachent, tilhøyrigheit, er det ikkje eit mål å fjerne seg frå det å vere menneske, denne fysiske sensasjonen som i sjamanens auge er skapt for å manøvrere på jorda.

Dette er også ei forklaring på at mange med sjamanens kropp, slit med co-dependency og avhengigheit.

Sjamanens kropp

Nokre menneske er fødde spesialiserte til å vere sensitive.  I jeger- og samlarsamfunn vart desse menneska brukte til sjamanar, til kontakt med frekvensar, med aningar som andre kanskje ikkje kunne oppfatte, og eigenskapen vart dyrka fram og er den som somme av oss lever med utan heilt å vite korleis vi skal bruke denne parabolantenna. Vi har ein kropp som er sensitiv, og som eit kompass vert vi styrte av kjensler.  Smerte og velvære er sterkare.,avdi vi er meinte å sense dei på meir oppdelte frekvensar. Og når vi ikkje kjenner etter eller lærer oss å stenge av, vert impulsane så sterke at vi er som maskiner.  Vi greier ikkje kome oss ut av avhengigheit, og avhengigheita er ikkje eit frivillig band lenger, men eit fengsel.

Dependency skal nett vere denne aninga, som ein eterisk olje, som dufta av kaffi, av sol på jorda, at det gjev oss til høyrigheit.

Det er derfor så viktig for ein med sjamanens kropp å lære seg å lytte til kva kroppen fortel oss før den treng å rope og det kan hende er for seint.

La oss lage eit eksempel med å kreere ei avhengigheit som ikkje er sett på som skammeleg. La oss tenkje oss at der fanst eit stoff som vi kallar X, og som er ein mellomting mellom sex og kaffi og alkohol, LSD, ayahuasca og sukker.  Det får oss til å slappe av, det får oss til å kjenne tilhøyrigheit, kjærleik, det løyser faktisk problem for oss avdi vi vert så meditative.  VI vert vakrare, meir vågale, kort sagt, vi vert den vi var meint å vere.

Så det er klart at sjela vår vil lengte attende til X.

Og dersom vi seier til oss sjølve, fy, du er svak, når vi lengtar etter sjela vår, vert det ein sjølvmotseiande knute i oss.

 

VI må forstå at stoff som sukker ,kaffi, alkohol, porno, berlinerbollar og iskrem for den del, får oss til å connecte med det vi har mista eller det som er frose i oss.

Det er derfor sjamanar bruker psykedeliske stoff, men det betyr ikkje at det er bra, og ein må jo verkeleg vite kva ein styrer med og kvifor og korleis ein bruker dei, for det er ikkje opplevinga som er målet, men vegen og erfaringane og utrensinga.

co-dependency

Dersom ein tek aiahuasca eller alkohol eller sukker, vil kroppen vere lykkeleg, draumekroppen vil vere lykkeleg, det er som om dei aldri var skilde frå kvarandre, men så når rusen går ut av kroppen, fell ein til bakken og er ein magnet for låge frekvensar og energiar som tilhøyrer andre, avdi ein ikkje var med mentalt inn og kjegnner trinna.

Eg anbefaler ikkje noko tilsetningsstoff i sjamanistisk arbeide, eg er jamvel imot det og ganske sint på det.

Den einaste formen for suggesjon eg arbeider med, er trommer og hypnose og trancar via kropss-posituarar, og også her kan vi gå feil dersom vi ikkje har ein metode til å observere og kjenner oss sjølv, våre svake og sterke sider, våre evner til å lure oss sjølv, lulle oss inn i forestillingar som var nødvendige for å overleve i augneblinken, men som no kan vere dyner omkring store traumer som veks seg til demonar i kroppen.

Sjamanistisk arbeide er djupt, det er til tider ubehgeleg, men ikkje av di det er sjamanistisk arbeide, men nettopp fordi metodane verkar.

 

Dette diktet av Edith Sødergran har fylgt meg og støtta meg, og eg deler det så gjerne her.

 

 

Ja visst gör det ont

Ja visst gör det ont när knoppar brister.
Varför skulle annars våren tveka?
Varför skulle all vår heta längtan
bindas i det frusna bitterbleka?
Höljet var ju knoppen hela vintern.
Vad är det för nytt, som tär och spränger?
Ja visst gör det ont när knoppar brister,
ont för det som växer
-  och det som stänger.

Ja nog är det svårt när droppar faller.
Skälvande av ängslan tungt de hänger,
klamrar sig vid kvisten, sväller, glider –
tyngden drar dem neråt, hur de klänger.
Svårt att vara oviss, rädd och delad,
svårt att känna djupet dra och kalla,
ändå sitta kvar och bara darra –
svårt att vilja stanna
-  och vilja falla.

Då, när det är värst och inget hjälper,
Brister som i jubel trädets knoppar.
Då, när ingen rädsla längre håller,
faller i ett glitter kvistens droppar
glömmer att de skrämdes av det nya
glömmer att de ängslades för färden –
känner en sekund sin största trygghet,
vilar i den tillit
-  som skapar världen.

Edith Sødergran. 1935

 

 

 


Eldre post Nyare post


Legg igjen kommentar

Kommentarar må godkjennast før dei vert posta