Den himmelske tromma - qigong øving – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Den himmelske tromma - qigong øving

Anne Bjørkedal healing meditasjon mindfulness tai chi trommer Zen

Slå på den himmelske tromma

Opne opp for djup spirituell kontakt


Hald for øyrene dine med handflatene, hendene peikar bakover. Start med å tappe eller tromme på eit punkt bak i nakken, i nakkegropa der hovudskallen møter toppen av ryggrada. Tapp eller tromme i eit raskt tempo med langfingrane synkront. Omlag to til tre tapp i sekundet om du greier. Sit slik i eitt til to minutt i byrjinga. Kanskje høyrer du ein lyd, som når ein set ein konkylie til øyret.

 Denne gamle taoist qigong øvinga seiest å stamme frå Tibet og den gamle Bõn tradisjonen. Reint fysiologisk betrar den og held høyrselen ved like, og kan vere effektiv å bruke ved  tinnitus og krystallsykje.

Men i sjamanistisk tenkjemåte er slike ubalansar berre kroppen sine bodskapar som ein ikkje høyrer.  Øvinga trenar opp evna til å lære å lytte, ikkje berre etter lyd, men etter beskjedar på alle frekvensar.


Avdi øvinga er så effektiv, er det viktig å gjere henne i lag med ein balansert praksis i mosjon, kva vi legg inn i tempelet vårt av mat, korleis vi vel kva energifilter vi vil vere i, og til å praktisere mosjon og synkroiniserande øvingar i kroppen. Det tyder til dømes sjamanistisk yoga.


Det finst alternative metodar som aktiverer og trenar den himmelske port på litt ulike vis. 

Du kan aktivere øyra med å halde for trakta der lyden går inn med peikefingeren på same sida, og så tappe på denne med langfingeren til du høyrer ein metallisk lyd.  Gjenta på andre øyret.  Denne aktiveringa er sterkare og vert brukt dersom du har utvikla til dømes tinnitus.  I tilfelle skal du aktivere det øyret som ikkje har dis….ease.  Dette fordi det er det motsette øyret  som alltid skaper eit behov og englane derfor prøver å kommunisere inn i det andre med ein stråle utanifrå.


Du kan også gjere som i metoden øverst, men tappe med alle fire fingrane unntatt tommelen på punktet i nakken.

Denne øvinga verkar mest som med material-trøyttleik, og er effektiv for å ta bort mental motstand mot å våge å sjå.  Om du har mykje frykt eller ubalansar er det greitt å ta til på dette viset.



 

 

 


Eldre post


Legg igjen kommentar

Kommentarar må godkjennast før dei vert posta