Ein sjaman er ein sjaman men aldri den same – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Ein sjaman er ein sjaman men aldri den same

arketyp Kunst sjamanisme

Finst der ein universell sjaman, ein slags arketyp?  Ein mennesketype som blir født på ny og på ny i alle kulturer til alle tider? 

Vi kan observere at dei fleste menneske er fødde med armar, fingrar, bein, hår, auge.  Men også at kvart menneske har fingeravtrykk og andre karakteristiska som gjer oss genuine.  Som snøkrystallar er vi alle like, men likevel er ikkje to like.  Karl Jung klassifiserte menneska i arketypar, som er ein tenkt grammatikk eller struktur over karaktertrekk. Karaktertrekk er funksjonelle, avdi vi menneske har forskjellige jobbar å gjere her på jorda.  Og alt etter kvar vi lever, og i kva tid vi er fødde inn i, utviklar alle artar på jorda seg etter det mest funksjonelle i si tid, i sine omgjevnader.

Det som var funksjonelt på jorda for 50 000 år sidan, er ikkje nødvendigvis til nytte i dag. Somme endringar går raskt, medan somme ser ut til å vere dei same.

Neuroplastisiteten i ein menneskehjerne endrar seg enormt berre gjennom eit liv, likevel ser det ut som at menneskehjernene og  sjølve systemet eller harddisken ikkje har endra seg nemneverdig på dei same 50 000 åra. 

 

 

Tiger in a Tropical Storm , Henri Rousseau

 

Innafor sjamanismen observerer vi, finn fellestrekk og differensierer.
Det er derfor nærliggjande å gå ut frå at det eksisterer ei
arketypisk mennesketype som vi kan kalle sjamanen.

 

Henri Rousseau - Tiger i en Tropisk Storm

Er det ikke ein logisk hypotese at somme menneske har særtrekk som skil dei fra andre. At dei er kalla til å arbeide med dei felta som i eit samleomgrep blir kalla sjamanisme, på same måte som nokre menneske er spesielt begava innafor musikk eller tal.  

I dei reint sjamanistiske kulturane blei desse menneska attkjende og trente i å være healer, medium eller stifinnar alt etter behova og tradisjonen i den enkelte kulturen eller klanen. Ofte går arbeidet i arv, og ein finforedlar eigenskapar samstundes som kunnskapar vert formidla direkte.

Celler har hukommelse og programmering.

På same måte som nokre celler skal bli til hår, andre til negler eller til hud - samstundes som dei er del av ein felles organisme - på same måte som vi alle er del av ein felles menneskeorganisme, av dyreriket, av universet og dei mange uklare hemmelegheitene og matrisene, har vi forskjellege evne og programmeringer. Vi er samstundes det same, slik alle celler har eit felles grunnprinsipp.  Og sidan vi er samanlenka i ein menneskeleg matrise, er der ingen hierarki i naturen.  Sjamanen distruiuerer makt og kraft, men den som misbruker dette til eiga vinning aleine, er ein sjukdom i organismen. Det er fellesskapet og samhandlingane og arbeidsfordelinga og kommunikasjonen  som er sjamanen sitt felt. Evna til å vere med på desse samhansdlingane, ærefrykta ved å få lov å vere med inn, å få tilgang til visdom.  Og ingen kan greie det utan fellesskapet.

Styrke, makt og kraft

For den som er født i sjamanens kropp, er dette kallet somme tider så sterkt at det skin igjennom og enten skaper deg eller tar knekken på deg uansett om samfunnet du lever i er sjamanistisk eller ikkje, uansett kva normer og reglar som gjeld, og uansett kor mykje eller lite ein sjaman blir sett pris på i tida si og i samfunnet sitt.

Tristheten i dei med sjamanen som arketyp er ofte stor og gjennomgripande, og den viser seg i mistilpassingar som kan få alvorlege utslag.

Du kan få lære litt mer om sjamanen som arketyp her.

 

 Sjamanen og kunst

 Bilda her er av Henri Rousseau, en fransk kunstnar som aldri var i jungelen, som faktisk aldri var utanfor Frankrike der han levde og måla.

The snake Charmer . Henri Rousseau

Henri Rousseau . Slangetemjaren

Rousseau sa åt ein kunstkritikar i eit intervju at «når eg går inn i eit drivhus og ser på eksotiske planter, har eg ei "draumerøyndomsoppleving".

Han hadde inga opplæring, og hadde sine eigne teoriar.  Han vart gjort til latter av sine samtidige.  Nærmare 50 år gammal sa han opp arbeidet sitt for å vie livet til måleria. Først som ein gammal mann vart han av Pablo Picasso heidra som ein sidestilt. 

Sjamanen har ei genial forståing av sine felt utan å anstrenge seg.  Tenk på Van Gogh. Mange med sjamanen som arketyp prøver å skape sine forteljingar gjennom kunst.

 

 

 

 

 

 

 

 


Eldre post Nyare post


Legg igjen kommentar

Kommentarar må godkjennast før dei vert posta