Hjartans fryd. sitronmelisse – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Hjartans fryd. sitronmelisse

avkok medisinplanter sitronmelisse urter

Planten med det nesten utanomjordiske grønnskjæret heiter også hjartansfryd.  Sitronmelisse egnar seg til langt meir enn å drysse blada på iskrem slik vi vart introdusert for planten då den kom til butikkane våre som eit eksotisk innslag ein gong før årtusenskiftet.

sitronmelisse

No har den blitt så vanlig at vi nesten rister litt på hovuet av den, og puttar den i same bås som thousand island dressing og reke-cocktail.  Men vent litt.

Sitronmelisse er en fantastisk legeplante. Den smakar himmelsk i te. Og plant den gjerne ut om sommaren, for biene elskar den. Og som løn kan du unne deg nokre skeier honning i teen, siden sitronmelisse og honning er ein av dei kombinasjonene som naturen berre elskar.  Det burde du også gjere.

 

Medisinplante

Som medisinpante er sitronmelisse beroligande, den er bra for hjartet, fordøyelsen, herpes, virus og bakteriar. Den er svettedrivande og febernedsetjande ved forkjølelse.  Migrene, øyresus, lista er lang.  Så lang at Paracelsus kalte den vakre planten ein livseleksir, og den beste for hjartet.

Karl den store let den plante i alle klosterhagar som den vidundermedisin den er.  

Heksene brukte torsdagen og sitronmelisse til sine ritual, og Hildegard von Bingen skildrar urten slik: Sitronmelisse er varm, og et menneske som spiser den smiler gjerne, da dens varme berører milten og deretter gleder hjertet.

sitronmelisse til te

 

 

 

 

 


Eldre post Nyare post


Legg igjen kommentar

Kommentarar må godkjennast før dei vert posta