Frykt – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Frykt

frykt sjamanisme sjelehenting

I enkelte kulturar er ikkje frykt velkomen. I alle fall ikke den frykta vi ber med oss konstant. Denne blir sett på som en ubalanse.
Den konstante frykta kjem  av at sjela eller draumekroppen ikke lenger har plass i den fysiske kroppen, seier sjamanen.

Sjelehenting

I vår vestlege kultur kan det verke hjarterått og lite empatisk å behandle frykta som eit framandelement.  Vi er jo vane til å gje vår pleie og omsorg til menneske med frykt. Ser vi på religionane i mellomalderen, møtte dei også frykt som en konstant utanifra, som sjukdom som hadde invadert kroppen. Dette blei ofte kalt demonar. I sjamanismen ser vi derimot ikkje på blokkeringar eller sjukdom som noko styg., Sjamanen hjelper å opne det som er lagra, observere det, gje det lys. Lys er høgare frekvensar. Det set materie i svingningar og oppløyser materie. Kroppen og sinnet får ein sjanse til å omorganisere, forstå og rense ut det som ikkje lenger trengst for å vekse innafor din arketyp.

Vi samlar opp det som vert kalla karma til vi er klare til å gå inn i traumet i sakte kino, forstå, organisere og ta med lærdom.

I sjamanismen er demonar frykt som lever sitt eige liv inne i en vert, eit slag vesen utan sjel men med sitt eige liv, som ein parasitt.

Middelaldersk?  Vel.  Er det ikkje slik at demonar veks fram der vi fortrenger dei.  Uansett kva vi kallar dei. Er det ikkje slik, at følelsar vi set lokk på, tek til å arbeide i det skjulte?

Eg vil ta deg med litt vidare i tankerekkja, utan at vi med religionane si tru på det vonde som vesen, vekkjer til live demonar eller fér omkring med kvakksalveri.


Fear

New age og sosialantropologien sin frammarsj parallelt med hippietida og den nye vitskapen ga opprydding i omgrep. Vi søkjer ei fornuftig forklaring på alt. Slik er også sjamanismen.

Neosjamanisme eller core shamanism voks fram gjennom arbeida åt sosialantroplogar og psykiaterar som studerte urbefolkningar. Tradisjonar, tru, folklore og spiritualitet vart sett under lupa.  I denne tida var det mange professorer og lærde som gjekk frå å berre studere sjamanisme, til også å praktisere den. Michael Harner og Felicitas Goodman er kanskje dei mest kjende.

Det som ofte manglar i denne nye inngangen til kva sjamansime har felles i heile verda, er at sjamanen verkeleg trur på det han gjør. Denne trua er den same som vi finn i  eit dypt religiøst menneske, uten at ein derfor kaller sjamanisme en religion. MEn sjamanen har trua og naiviteten til den som eig sitt felt og ikkje stiller spørsmål ved sanninga, berre ved korleis bruke den.

Sjamanen stiller aldri den materielle verda opp mot den spirituelle, eller ser for seg ei anna side. For sjamanen er det aldri spørsmål om at alt er ånd. Religionane har laga eit skilje her som gjer det vanskeleg for det moderne mennesket å verkeleg gå inn i og forstå sjamanisme, avdi vi heile tida snakkar om den andre sida eller det spirituelle, det religiøse.  For sjamanen er dette i alt.

 

Sjamanistiske teknikkar

Samstundes som dei sjamanistiske teknikkane kan lære oss å meistre frykt gjennom kroppstilingar, seremoniar, draumereiser, tromming, kontakt med spirits og trance, er det ein vesentlie ting vi manglar i vår "rasjonelle" verd.

VI er vane til at spiritualitet finst på "den andre sida"

I sjamanisme er spiritualitet i alt, slik vi var inne på. Tenk på luft.  Den er  både er verkelig og noe eterisk.

Det er ikkje slik at vi opererer med røyndom og ei draumeverd.

Sjamanen sine draumar  er verkelige. Dei er berre ein utvida dimensjon, andre deler av hjernen som erfarer, opplever, ser.   Draumar og trance er ei  oppleving av den same røyndomen på ien annan frekvens.

Den nyaste kvantevitskapen går vakkert i lag med denne måten å sjå verda på.

VI kan derfor velge mellom å lære oss sjamanistiske teknikkar, eller vi må transformere oss og bli sjamanistiske i alt vi er.

Somme er fødde med sjamanens kropp, og treng denne integreringa meir enn andre,

Samstundes som vi kan lære med pusteøvingar for  å eliminere frykt, er det ei anna frykt vi må ta tilbake, nemleg Ærefrykt.  Det er også viktig å halde oppe ein viss sensitivitet som frykt utan at denne slår ut gjennom stress, betennelsar eller evige stimuli som stråling, lyd eller anna uorganisert og tilfeldig kaos over tid.

 

Å gå vegane oppover og nedover

Vi kan ikkje oppleve rein glede utan å ha opplevd sorg.  Ikkje for at vi skal hente inn sorg, men også frykt, sorg, hat, sjalusi blir brukt i sjamansime.  Hat vert brukt til å fokusere eller mane, og det er ansvaret åt sjamanen å bruke denne sterke laseren med ansvar og på på  lag med universet.

Sjalusi kan hjelpe oss til å sjå kva retning vi skal gå i, kva vi manglar eller kva som inspirerer oss, utan at vi ynskjer å ta frå eit anna menneske det det eig.  Å lære å sjonglere med kjensler utan å fylgje instinkt, er sjamanisme.

Frykt vert sett på som farleg, stygt.  Når den får fotfeste og tek til å leve sitt eige liv, er den ein hardnakka parasitt.  Den tiltrekkjer seg ånder som syg ut energien i menneska, slik alle dei kjenslene som religionane prøver å utrydde, gjer når dei ikkje vert observerte og arbeidde med.

 

 Frykt og sjelehenting

Frykt, sjalusi og hat har ei eiga evne til å finne attende inn i vertskroppen fordi eit sjelefragment manglar.  Slik tenkjer ein sjaman.

Vitskapen har vist oss at neuroplastisiteten i hjernen skaper vegar.  Desse fyl også DNA, og er slik vi kan utvikle oss og vere fødde med kunnskap. Det kan vere ein lang veg å trekkje opp dei opprinnelege vegane i kroppen oghjernen gjennom meditasjon.  Men samstundes er meditasjon den einaste medisinen for å skape glede, harmoni og eit verdig liv for mange gamle sjeler som bere med seg informasjon som skal sorterast.  Vi står på skuldrane åt forfedrane våre. Der er mykje liding, frykt og urettferd som vi er dei som skal observere, respektere og ære fordi vi er der vi er i dag.  Å kaste ut kjensler utan først å observere kunnskapen i dei, er som å kaste ut barnet med badevatnet.  Og dei vil kome attende.

Prosessane med å bli heil kan vere enda meir skremmande enn å leve med ein demon som frykt.

Frykta er det kjende.  Den er ein del av oss, hindrar oss i å få for store håp og deretter falle ned i meir smerte.  Det verkar etter kvart tryggare å leve utan håp. Så opplever vi ikkje smerten når håpet somme tider brest. Frykta vert ein del av oss og legger kvardagane i ei kappe av depresjon og apati. 

Det som før var kalla bipolare lidingar eller szizofreni er i det minste bevegelse i sinnet, seier sjamanen.  Og desse store svingningane vert ofte sett på som ein port til å opne opp større deler av hjernen.

Frykt og låge frekvensar

 Det kan sjå ut til at frykta alltid vinn, sidan den fyl tyngdekrafta og dreg ein ned.  Den einaste råda er å vere med, å vere de-pressed, pressa ned, sitje i vatn, sorg, klaustrofobi og å ha på ein observatør som ikkje vert påverka. Dette greier ein med å setje hjernebølgjene på låge frekvensar samstundes. Som i søvnen. 

Sjamanismen og alle religionar  har funne at løysinga ligg på en frekvens som er knytt til med hjartet.

Hjartet er også ei sterkare hjerne enn di og mi, fordi den er knytt til andre og til universet i det vi kallar kjærleik. Kjærleik er kommunikasjon.  Og i kommunikasjon ligg fellesskapet, svara og tryggleiken. Her er sirkelen og styrken. Der to eller flere er samla, der er eg midt iblant dykk. Å tru, håpe og elske saman gjev mirakel.

Sjamanen er støtt ein del av samfunnet, av klanen.  Ingen kan vere sjaman i og for seg sjølv. Her er det forskjell frå filosofen eller yogien som kan bruke heile livet på å finne svar frå universet.  Sjamanen er ein praktisk del av samfunnet, som også er med på det sjamanistiske arbeidet. Dette er ein av grunnane til at dei som er fødde med sjamanen som arketyp ofte er så mistilpassa i dag der vi ikkje har ein sjamanistisk kultur eller tenkjemåte.

 

Depresjon

Depresjon er vatn-energi og skal brukast til å observere sinnet.  Depresjon, sorg og vatn er vegen for å kome inn i materien, inn i kroppen, inn der frykta har funne feste i gøymde rom. 

Medisin mot depresjon er kontemplasjon og meditasjon.

 

 


Eldre post Nyare post


Legg igjen kommentar

Kommentarar må godkjennast før dei vert posta