Giftige stikk i nære relasjonar – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Giftige stikk i nære relasjonar

co-dependency frykt healing samfunn sjamanisme

 

Den vesle setninga som slår lufta ut av ballongen av håp, av gode timar i lag.

Desse giftige stikka er somme menneske si evne til å drepe god stemning, og det er som om det treff når du har forsvaret nede, du slappar av. Som ein knyttneve i solar plexus som ser ut til å tømme deg for luft.

Den psykologiske rådgjevinga er å fjerne deg.  Det er smart. Men somme tider omrent uråd. Det er som om vi heng fast til desse menneska som held fram med å sårre og  å tappe oss for energi kvar gong vi har samla inn mot og håp.

La oss sjå på desse menneska som stikk.

Dei er som akupunktørar som alltid finn det svake punktet og veit kvar dei skal stikke på rett tidspunkt for å hente ut energi som er bygd opp.

Det er som om dei bruker dei gode boblene av håp til å dyrke energiar dei kan forsyne seg av og leve av i si kjensle av å vere rettferdige.

La oss sjå bort frå idear om godt og vondt.

Der er mekanismar mellom menneska som skaper desse symbiosane, desse banda av co- dependency. Plantefelt som dyrkar kjensler av håp og kjærleik men også dei av hat sjalusi og av frykt for å miste.

 

piggtråd, wire

 

Kven er det som som stikk?

Ofte er det foreldre,

Ofte er det den som er urettferdig behandla.

Kva om vi snur det heile på hovudet.

Foreldra var sjølv eit barn og kan vere sjalu på fridomen dei gjev barna og også kan dei kanalisere si frykt inn i barna si lukke, i første trinn som ein ide om at dei beskyttar barnet sitt mot å falle, ver ikkje for glad, det kan gje smerte blokkeringa som dei sjølve eig.

I kjærleiksforhold viser dette seg som at den som er den naturlege manipulatoren skaper ei fredeleg tid. alle prøver å skape ein sfære av kommunikasjon, kjærleik ogf forståing. Så, i siste augneblinken, stikk den giftige hol på det som er skapt.  Ofte i det den eine er på veg ut, på arbeid, eller meir forlate.

Desse stikka er eit verkeleg rop om hjelp. EIt forsøk på å heale, å ta lufta ut av den andre slik at dei ikkje skal bruke den bobla som er skapt, til å stikke av. Ein trykkjer den ein elskar ned på makra slik at dei ikkje skal gå seg fast i sitt eige ego.

På dette viset er denne metoden ein som viser oss band også.

MEn sjølvsagt vert den misbrukt i automatiske frykt-impulsar.

Men spørsmålet er jo om vi utan desse kunne overleve.

Ikkje berre står hovmod for fall, men egoismen i nyvunnen fridom kan vere skadeleg.

Spesielt om det er ein ungdom som eig denne.

Og spesielt om det er ungdomen som er sett til å beskytte det såra barnet.




Eldre post Nyare post


Legg igjen kommentar

Kommentarar må godkjennast før dei vert posta