Sjamanen lever i draumen – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Sjamanen lever i draumen

Anne Bjørkedal Draum healing meditasjon mindfulness mirakel sjamanisme trommer vitenskap og healing

Sjamanens veg er gjennom draumen.  Draum er utvida medvit.  Vi ser bortafor huda, inn i materien, det vi kallar form oppløyser seg og det vi kallar naturlover vert berre ein del av regelverket.

Alle menneske drøymer.  Vi drøymer når vi er vakne, og vi drøymer når vi søv.

Draum er eit anna rom i hjernen vår, og like verkeleg som det vi kallar medvit. 

All realitet er sett gjennom draum først, fordi det er draumekroppen vår som både gjev impulsar til det vakne sinnet og som skaper både imaginasjon og fantasi.

Sjamanen er ein som ikkje berre drøymer, men som aktivt formar verda gjennom draumar.

Vi gjer jo dette  alle, vi ser for oss ei oppgåve vi skal skrive, og vi skriv den.  VI ser for oss eit hus vi vil byggje, og vi byggjer det.  Heile røyndomen vår er bygd av draumar.

Sjamanens draumar går berre vidare.

Sjamanen kan endre det vi kallar røyndom, han eller ho kan gripe aktivt inn i materie, inn i kroppen, og skape harmoni og helse.

Alt sjamanistisk arbeide er for å tene samfunnet, tene verda, tene alt og vere ein medhjelpar i reglane. Vvgen inn i systemet, er gjennom draumen.

I alle kulturar vert sjamanisme utøvd forskjellig, men der er likevel ting som er felles.

MIchael Harner utvikla eit konsept han kalla core shamanism, og som er sjølve strukturen i sjamanisme.

Frå hans teoriar, skisserer eg ut fem punkt som det ser ut er ein del av vegen eller opplysinga åt alle som går sjamanens veg

1. Den personlege historia vert sletta. Dette kan skje gjennom traume, gjennom det vi kallar psykisk sjukdom som szizofreni, bipolare liding eller djupe depresjonar.  Mange kjem til slike opningar ved misbruk av alkohol og psykedeliske stoff, og det er sjeldan ei opning som det går greitt å reparere ved å finne att stega til dei ytre grensene.

2. Møte med døden.  Anten ved traume , alvorleg sjukdom eller ved nær døden opplevingar.  Desse kan og kome i meditasjonar.

3. Freeze.  Stoppe verda, tilgang inn i materien, evne til å brigde materie, og til å gå inn i kroppen og heale mellom anna. I denne fasen kjem også evna til for slilkt vi kjenner i Norden som å stanse blod og til å ganne.  Evnene kan brukast både gjennom hat og i kjærleik, så det er viktig at stega fylgjer ei kontinuerleg personleg rensing og kontemplasjon.

4. Kontroll av draumen.  Dette er sjamanens viktigaste arena og arbeidsfelt.  Berre ved å meistre dei første tre trinna, kan sjamanen ta til å kontrollere draumen og manøvrere i denne utvida verda.  I sjamanistisk meditasjon går vi inn i aktiv draum, men vi skal bevege oss i det trygge grenselandet åt dei som ikkje går sjamanens veg, men som følgjer sjamanistisk metode og sjamanistiske arbeidsfelt.  Å meistre magi betyr at du må vere i stand til å forstå karmaen og ansvaret med å vere i stand til å brigde røyndom, å kunne endre tilstandar i andre menneske og å vere ein aktiv medskapar i universet sine reglar.

5. Gjenfødsel.  Dette er fugl fønix ut av aska.  I sjamanens veg er der mange gjenfødslar, små og store, det å ta attende livet gjennom døden som i punkt to,  er til dømes det vi opplever og erfarer i ein "visionquest" som er ein del av initieringa.

Den store gjenfødinga som sjaman er der du vert til midtpunktet i ein sirkel, midtpunktet inn i ein sirkel utan omkrets, og der du går ut på total kjærleik og kviler på den frekvensen som er det same som akasiearkiva, som er det same som total viten og tilgang.  Det krev også at du ikkje misbruker desse evnene med frykt, begjær eller kontrollbehov, men vågar å stole på universet.  Det blir litt sånn "Schrødingers katt", avdi du ikkje kan opne boksen, men må stole på at den er omkring deg.

 


Eldre post Nyare post


Legg igjen kommentar

Kommentarar må godkjennast før dei vert posta