Tai Chi og tida det tek å finne det enkle – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Tai Chi og tida det tek å finne det enkle

haiku healing meditasjon mindfulness sjamanisme tai chi Zen Zen og kunsten å reparere en motorsykkel

Eg har praktisert yoga, tai chi og sjamanistiske posisjonar i over ein mannsalder.  Som sjaman er eg eit praktisk menneske, og det betyr at ein fast praksis ikkje er for meg, sjølv om eg har forstått verdien av å eige rutinar.  Så legg eg heller inn ulike øvingar i det daglege, alt etter kva sinnet mitt kjenner lyst til.

 

catch the sun

 

 Med eit samfunn der reglar og uthaldenheit er normen, kunne min praksis også i eigne auge verke litt lettvint, ja jamvel lat.  Men likevel har eg jo halde fram i over tredve år fordi eg merkar at der er noko i det, eg får noko. Men eg vil at gåvene skal vere så store som råd med minst mulig bruk av ressursar.  Dette er også kjenneteiknet på ein sjarlatan, og den som er fødd med sjamanens kropp endar ofte opp som sjarlatanar avdi vi er skuffa,  ikkje gidd å gjere noko for andre om der ikkje er noko i det.  Sjamanisme og fellesskapet heng difor tett saman.  Vi må ha gleda av å vere til for andre, vere til nytte, elles vil vi ende opp som likegyldige, apatiske, vi som er fødde med denne arketypen. Sjamanen kan ikkje vere utan ein klan.

Men attende til austen og tai chi.

Eg har lese og studert og enno ikkje funne essensen i tai chi. Men kvar gong eg praktiserer forstår eg ein ny ting, ein ting og aldri meir.  Det er sikkert hjernen min som seier stopp avdi denne eine tingen er meir enn nok til neste gong.  I dag fekk eg ei ny innsikt, det er mulig eg har lese den eller opplevd den før, men aldri som i dag. 

Som vanleg gjekk eg ut på graset berrføtt, det gjer eg sommar som vinter, og når eg skal gjere tai chi vert eg verken kald eller ubekvem.

I dag tidleg gjekk eg ikkje ut for å gjere tai chi, men for å tømme askeskuffa og så fann eg ut a  eg kunne gjere tai chi i same slengen.  No forstår eg at ein alltid går ut for å gjere tai chi.  Ingen ting anna.

Uansett var det ikkje feil, ingen ting er feil og alt er læring, og eg stod der med føtene i eit  kvadrat og fokuserte på jorda under fotsålane og eg la merke til ei rørsle, oppe i eit tre, ein fugl.  Treet var mest bart framføre vinteren, og der var tre omkring med lauv, men dette treet var der alle fuglane sat, for no oppdaga eg at dei var fleire. Og eg la merke til eller dei synte meg, det er jo det same, at dei lea seg med så lite tiltak.  Dei tenkte vel ikkje over rørslene sine. Og eg prøvde å etterape dei og gå inn i posisjonar like naturleg, Bøygde knea, sette meg skrått med hoftene, låste harachakraet mot ryggrada, punktet mellom skulderblada, skuldrane hang eg over ei tenkt dør, slike ting eg gjer, hovudet hang i ei snor, og eg forstod at det er kombinasjonen.  Både det å gjere det så enkelt at det ikkje merkast, men samstundes må vi jo utvide utan at det merkast, og derfor å gjere rørsler som ikkje krev følelsen av friksjon, og å trene reseptorane til hjernen å bli så van til desse rørslene at dei ikkje kjennest som arbeid eller noko ein kvir seg til.

Ein millimeter meir, og avdi vi har gjort den same rørsla før, vil ikkje hjernen reagere og vi kan pushe ein millimeter til utan at vi får ubehag eller smerte-impulsar. Å viske ut beskjedar til hjernen og å vere i rommet med kroppen, for det er jo i dette rommet bortafor sanaseapparatet åt kroppen at vi går inn i vaken draum også og kan kreere magi. Mirakelsinnet startar der sanseapparatet og det vi kallar det daglege er det som guidar oss i materien.  Ved å ta kroppen som er materie inn i ein tilstand av draum er det at vi kan bevege energi og utføre merkelege handlingar både i oss sjølve og i tilknyting til alt omkring oss.

 

 

 

 


Eldre post


Legg igjen kommentar

Kommentarar må godkjennast før dei vert posta