Reading til deg som har fått dine personlege krystallar. 30 minutt – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0
Reading til deg som har fått dine personlege krystallar. 30 minutt
Pust

Reading til deg som har fått dine personlege krystallar. 30 minutt

Normal pris 600,00 kr 0,00 kr
inkl mva

Ein krystall kan ikkje programmerast.  Det er di hjerne som må lære å utnytte dei frekvensar, dei vegar som krystallen opnar opp.  Etter som du tek i bruk krystallen vil den likevel på eit vis bli programmert, sidan du fyller dei trådane, dei frekvensane den arbeider innafor med dine erfaringar , dine sjamanistiske reiser, di utviding av medvitet og dine englemøte for berre å nemne noko av alt det ein personleg krystall opnar opp for. 

Krystallane du kjøper av meg er nøye utvalde. Dei er slike krystallar som sjamanar har valt å arbeide med til alle tider. Krystallane kjem frå Tibet, dei har sin eigen personlegdom, og dei er alle uforklarleg kraftige.

Eg har meditert og brukt kvar krystall og i lag med evnene mine, erfaringane mine som sjaman og kunnskapane mine om krystallar og deira verkemåte, får du eit heilt fantastisk apparat.

Imidlertid kan det vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere når ein sit der med den nye krystallen i handa. Vel vil du merke at den strålar, pulserer, er varm.  Men det gjer deg sterkare, meir sjølvsikker og dermed klarare om du får ei reading av ein sjaman som og også kjenner steinen du har kjøpt inngåande.  Du får ei reading med eit menneske som du kanskje aldri har møtt, og likevel vil du få bekrefta det som er din blueprint, det som er uforanderleg, det som gjer deg til det du er. Ei slik reading i lag med den eller dei nye krystallane, set i gang djupe og raske endringar i livet ditt. Du får også teknikkar og metodar til å bli kjent med steinen, meditasjonar tilpassa deg og frekvensane i steinen.  Dette er ei innviiing og ei kanalisering som er ekstremt sterk avdi den er ankra i krystallar som eig eit uforanderleg mønster.

 

Bestill i dag i lag med dine nye healingkrystallar


Meir frå denne samlinga


People who bought this product, also bought