Tarotreading – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0
Tarotreading - Pust
Tarotreading - Pust
Tarotreading
Pust

Tarotreading

Normal pris 400,00 kr 0,00 kr
inkl mva

 

 

Tarot er eit  effektivt verktøy til å få  fram eit kart over en situasjon. 

Tarot kan dessverre misbrukast både av den som les og av den som spør. 

Eg heiter Anne Bjørkedal og er ein erfaren tarotist, og eg vil aldri gå over grensene til kva og korleis vi har lov å spørje utifrå situasjonen du er i.

Tarot online med AnneEI tarotreading på zoom der du får sjå korta som kjem fram, samstundes som vi kan ha kontakt med kvarandre på skjermen mest som å vere i same romet.  

Tarot konservert visdom

Svar skal være opningar og informasjon om val du har, ikkje påstandar.

Tarot er ikkje spåing, tarot er ein djup esoterisk metode til å lese situasjonar, frekvensar og det ein kan kalle føringar på grunn av val ein har gjort så langt. 

Tarot er eit synkront puslespel over universets strålar eller trådar.

Ver klar over at at det ikkje er lov å teste ut andre mennesker - kva dei tenkjer og føler omkring deg, for eksempel. 

Dersom menneske går bakom ryggen din, vil eg som sjaman  nokre ganger  likevel få beskjed om å gå inn i dei felta der hat eller maniske strålar står og stoppar deg, eller der uheldige band er knytte på deg som eit reservoar for å hengte kraft og for å dumpe sitt eige avfallsstoff.  Korta kan vise slike uheldige sybiosar og gje rettleiing om når ein skal gripe inn og korleis.

  AnneB Krystallkulen

 Det fylger et stort ansvar med å lese i kort, og det er ein annan ting enn spådommear du får av meg.  Imidlertid er korta presise når det gjeld å ta val, å få eit overblikk over ein komplisert situasjon, eller råd til korleis du skal handle i møte  med livets mange gåter og situasjonar. 

 

Du kan også be om å få ein kabbalistisk analyse av din arketyp i tradisjonen etter Livets Tre. Dette er ei reading ein berre tek ein gong,  og den fortell deg om dine sterke og svake sider, ein blåkopi av ditt inste mønster og ditt genuine "fingeravtrykk" her på jorda.


Meir frå denne samlinga


People who bought this product, also bought