Anne Bjørkedal healer, sjaman – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0

Copy of Healer sjaman Anne Bjørkedal

Anne Bjørkedal
Anne Bjørkedal er fødd med evner til å heale. I tillegg er ho ein sterk lærar innafor sjamanistiske teknikkar og kabbalah.
- Healing er noko eg kan.  Å skrive kan gje meg prestasjonsangst, aldri healing.  Det sit i meg slik det å syngje eller å vere ein god talar sit i andre. Eg kan sjølvsagt trene meg opp og få eit språk på kva eg kan, noko eg også har gjort.  Og det er dette som gjer meg til ein god lærar, men å heale og å sjå er noko eg ber med meg i arv og som arketyp.
- Eg ser dette store behovet for å lære seg å ta i bruk evner ein er fødde med, og som elles kan verte ei tung bør å bere.  Som hypersensitivitet, stoltheit og ein spesiell type konsentrasjon som ikkje passar inn i ordinære skule- og samfunnssystem. 
- Eg trur at mange av dei som i dag er fengsla eller sit tungt medisinerte på institusjonar eller endå verre, medisinerer seg sjølv i einsemd og frykt, eg trur mange av desse menneska var meinte å gå sjamanens veg.  Men ein treng ikkje ha kome på dei ytterste kantar av samfunnet for å ta i bruk evner og gleda ved sjamanistisk meditasjon og metode.  Alle kan lære dei enkle metodane til healing, helse og glede.