Sjelehenting – Pust
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Meditasjon i alt du tenkjer, i kvar pust, i alt vi er
Handlevogn 0
Sjelehenting
Pust

Sjelehenting

Normal pris 1.900,00 kr 0,00 kr
inkl mva

Den fysiske kroppen eig ein draumekropp og ein sjelskropp.  Om vi opplever traumer, vil kroppen lage eit avstengt rom der den oppbevarer informasjon om hendinga til vi er klare til å bearbeide den.  Ofte vert slike lagerplassar til avstengde rom, og draumekroppen får ikkje plass i den fysiske kroppen.  Der draumekroppen ikkje har tilgang, vil også deler eller fragment av det vi kallar lyskroppen, spirit, livslyst og engleenergiar, bli sett på vent.  Sjamanen er ein som fyl spora. Dette er ikkje trådar, men brå overgangar i sjamanen sine evner til å reise i tid og rom.

Frida kahlo Frida Kahlo

Hendingar og sjelekontrakter som ikkje lenger tener deg, kan bli makulerte. Dette er overlevingsmekanismer som var funksjonelle der og då, men som stoppar deg her og no.

Her er kva du kan forvente i ei sjelehenting:

Sjølv om ingen sjelehentingar er like, er dette ein mal for korleis det foregår.

Vi avtalar tid for ei fyrste samtale, vanligvis tek denne 15 til 20 minutt.  Eg likar ikkje at samtalen varer for lenge, for det er lett å bli altfor faste i ord og vedtekne forestillingar.  Det er også uheldig om eg vert farga av informasjon eg får som hindrar meg å kome ut på dei plana der eg kan hente djupare informasjon.

Under det første møtet er det mest praktiske ting som vert avklara, eg les aura og vi er litt inne på kommunikasjonsvegane i kroppen. Vi avtaler tid for seansen.  Det spelar mindre rolle om vi fysisk er på same stad eller ikkje.

Rett etter seansen fortel eg kva eg har gjort og sett.

Dagen etter seansen eller eitt par dagar etter, tek vi ein ny samtale, og denne gongen nøstar vi i kropp, sinn og går inn og hjelper draumekroppen og den logiske delen av hjernen til å setje i gang healing.  Denne siste delen gjer sjelehentinga både meir skånsom og det gjer at den ikkje støyter på nye stopp som kan gjere at ein kjem til eit punkt og så fester ting seg att.

 

Dette er grunnen til at eg også gjev ein 20 minutts seanse på zoom etter ein til to månader der vi ikkje berre oppsummerer, men eg legg kort på arketypen din og andre spørsmål, noko som kan vere djupt oppklarande i ettertid av prosessarbeidet ein går inn i. Og eg er sjølvsagt tilgjengeleg undervegs.

Ei sjelehenting er djupt healande, rensande og kan gje deg eit lettare aurisk felt, fysisk glede og mirakelsinn.  Ei sjelehenting gjer at draumekroppen din kan kome i gang med healing på dei mest djupe plan som finst.

 

 

 


Meir frå denne samlinga


People who bought this product, also bought