Fermentert mjølk, lag den heime.

Fermentert mjølk, lag den heime.

Her er ei enkel oppskrift på korleis du kan lage fermentert mjølk.

Dette er ein japansk/ koreansk metode for å hente inn dei gode bakteriane. Dei gode bakteriane er i alt, i lufta, i jorda, i maten vi et.

Du startar med å ta eitt par nevar ris og deretter fylle på med vatn til det dobbelte.  Rør rundt med hendene og sil deretter av risvatnet.  Det er dette du skal bruke.  Risen kan du deretter koke på vanleg måte.

La risvatnet stå udekka i romtemperatur i to til fem døgn alt etter temperaturen,  i kjøligare klima skal det stå lenger.

Tips;  bruk ei rein skei, og ta av litt til å rense ansiktet ditt, det er fantastisk for å gjenopprette syre-base balansen i ansiktshuda. Eller lag meir risvatn og ha i badevatnet saman med eteriske oljar.

 

Men attende til fermentert mjølk.  Når risvatnet har stått lenge nok, fyller du ei stor krukke med 10 deler god mjølk, og en del risvatn. Det beste er sjølvsagt upasteurisert mjølk  direkte frå ein bonde, men økologisk heilmjølk går greitt.

Dekk til med eit pustande lokk, ein tynn bomullsklut eller tørkerull.

Oppbevar i spiskammers-temperatur, og etter ei vekes tid vil det ha danna seg eit tjukt lag på toppen, det er denne ostemassen du er ute etter.

Mysen eller den vassaktige væska under, kan du også bruke i badevatnet, eller den er fin i smoothiar, til væske i kaker og dessertar eller du bruker den i brøddeig. Det er ein fordel å ikkje varmebahandle mysen, så bruk den helst rå.

Du kan mikse den fermenterte ferskosten med krydder eller frukt og bruke som yoghurt på frukostblandingar.

Ein kvart kopp om dagen er betre enn noko probiotic du kan få kjøpt.

 

Forskarar har prova at betennelsestilstandar i kroppen kan koplast til både diabetes og kreft.  Du kan sjå eit flott program på NRK om dette, Gull i Tarmen

Tilbake til bloggen

Legg igjen en kommentar

Merk at kommentarer må godkjennes før de publiseres.

sjamanisme e-bøker

Pair text with an image to focus on your chosen product, collection, or blog post. Add details on availability, style, or even provide a review.

Les mer